1 Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!»Ein miktam av David.
2 Talar de verkeleg rett,de mektige menn?Dømer de menneska ¬rettferdig?
3 Nei, med vilje ¬gjer de urett på jorda,med hendene banar de ¬veg for vald.
4 Dei gudlause ¬har vendt seg bort frå Gud,heilt frå si fødestund;lygnarane har fare viltsidan dei kom frå mors liv.
5 Dei har gift i seg liksom ormen,dei er døve som ein orm ¬når han lèt att øyra
6 og ikkje vil høyra ¬på ormetemjaren,eller på den ¬som kan kunsten å mana.
7 Gud, slå tennene ut ¬or deira munn,bryt tanngarden sund ¬på løvene, Herre!
8 Lat dei kverva ¬som rennande vatn!Lat dei berre spenna bogen– pilene er utan kraft.
9 Lat dei verta lik snigelensom løysest opp i slim ¬der han kryp,lik det ufullborne fostersom aldri såg sola.
10 Enno før grytene deirakjenner varmen ¬frå klungerriset,føykjest dei bort,anten kjøtet er rått eller kokt.
11 Men den rettferdige ¬skal gleda segnår han ser at han får hemn.Han skal vaska sine føteri blodet av dei gudlause.
12 Då skal menneska seia:«Ja, den rettferdige får si løn.Det er Gud ¬som dømer på jorda.»