1 Ein song. Ein Davids-salme.
2 Mitt hjarta er roleg, Gud,eg vil spela og syngja ¬av heile mitt hjarta.
3 Vakna, harpe og lyre!Morgonroden vil eg vekkja.
4 Eg vil prisa deg ¬mellom folka, Herre,lovsyngja deg ¬mellom folkeslag.
5 Stor er di miskunn, ¬til himmelen når ho,til skyene rekk din truskap.
6 Vis deg høg ¬over himmelen, Gud,vis din herlegdom ¬over all jorda!
7 Hjelp oss med di høgre hand,svar oss, ¬så dine kjære vert berga!
8 Gud har tala i sin heilagdom:«Med jubel ¬vil eg skifta ut Sikemog mæla opp Sukkot-dalen.
9 Meg høyrer Gilead ¬og Manasse til,Efraim er hjelmen ¬på mitt hovud,og Juda er min styrarstav.
10 Men Moab er mitt vaskefat,på Edom kastar eg ¬min sko.Eg triumferer ¬over Filistarlandet.»
11 Kven fører meg ¬til festningsbyen,kven leier meg til Edom?
12 Er det ikkje du, Gud, ¬som vraka ossog ikkje drog ut ¬med våre hærar?
13 Gjev oss hjelp mot fienden!Hjelp frå menneske ¬duger ikkje.
14 Med Guds hjelp ¬skal vi gjera storverk.Han skal trakka ¬våre fiendar ned.