1 Til korleiaren. Etter «Dua i terebintene langt borte». Ein miktam av David, då filistarane greip han i Gat.
2 Ver meg nådig, Gud!Folk vil meg til livs,stridsmenn trengjer meg ¬heile dagen.
3 Stendig høgg mine fiendar ¬etter meg,mange strider mot meg ¬i hovmod.
4 Når eg er redd, ¬vil eg lita på deg,
5 med Guds hjelp ¬skal eg prisa hans ord.Eg har tillit til Gud ¬og er ikkje redd.Kva kan vel menneske ¬gjera meg?
6 Dagen lang vil dei ¬skada mi sak,dei tenkjer på ¬å gjera meg vondt.
7 Dei slår seg saman ¬og lurer på meg,ja, dei vaktar mine steg,for dei ynskjer å ta mitt liv.
8 Men dei slepp ikkje unna, ¬for dei er vonde.Støyt folkeslag ned ¬i din vreide, Gud!
9 Du har skrive oppkorleis eg flakka ikring;mine tårer har du samla ¬i di flaske.Står det ikkje i di bok?
10 Så skal mine fiendar ¬dra seg tilbakeden dagen eg ropar.Det veit eg, at Gud er ¬med meg.
11 Med Guds hjelp ¬skal eg prisa hans ord,ja, ved Herren prisar eg ordet.
12 Eg lit på Gud og er ikkje redd.Kva kan vel menneske ¬gjera meg?
13 Eg må gjera ¬det eg har lova deg, Gud,eg vil koma til deg ¬med takkoffer.
14 For du har berga mitt liv ¬frå dødenog fria min fot frå å snåva.Så kan eg ferdast for Guds åsyn ¬i livsens ljos.