1 Ein læresalme av David, då han var i hola. Ei bøn.
2 Eg ropar høgt til Herrenog bed han audmjukt om nåde.
3 Eg renner ut mi klage for han,legg fram for han mi naud.
4 Når mi ånd er kraftlaus,veit du korleis ¬det står til med meg. På vegen der eg ferdast,legg dei løynde snarer for meg.
5 Eg ser til høgre og speidar,men ingen kjennest ved meg.Det finst ikkje utveg meir,ingen bryr seg om meg.
6 Eg ropar til deg, Herre,og seier: Du er mi livd,min lut i landet åt dei levande.
7 Akta på mitt klagerop,for eg er liten og hjelpelaus!Fri meg frå dei ¬som forfylgjer meg,dei har vorte meg for sterke.
8 Før meg ut or fengslet,så eg kan prisa ditt namn!Dei rettferdige ventar påat du skal gjera vel imot meg.