Salmane 55 N78NN

Kast di bør på Herren!

1 Til korleiaren. Med strengespel.Ein læresalme av David.

2 Høyr mi bøn, Gud,løyn deg ikkje ¬når eg tryglar og bed.

3 Akta på meg og gjev meg svar!Eg får ikkje ro for mi sut.Eg er heilt ifrå meg

4 når fienden ropar,og dei gudlause ¬trykkjer meg ned.For dei velter vondskap ¬over meg,rasande går dei laus på meg.

5 Mitt hjarta skjelv i barmen,dødsangst kjem over meg.

6 Otte og age fyller meg,og heile kroppen skjelv.

7 Eg tenkte: ¬Hadde eg venger som dua,då flaug eg bort ¬og fann meg ein bustad.

8 Langt av garde ville eg rømaog halda til i øydemarka. Sela

9 Eg ville skunda meg i livdfor storm og rykande uver.

10 Skap redsle og rådløyse, Herre,og kløyv deira tunger! For eg ser berre vald ¬og strid i byen.

11 Dag og natt går dei ikring hanoppå murane.Vondskap og urett rår i byen,

12 han er full av rotenskap.Frå torget der ¬vik ikkje vald og svik.

13 Det er ikkje ein fiende ¬som spottar meg– det kunne eg nok tola,ingen uven ¬som audmykjer meg– då ville eg gøyma meg ¬for han.

14 Nei, det er du, min likemann,min gode ven og kjenning,

15 – vi som hadde det godt i lagog gjekk i festtog til Guds hus.

16 Lat døden koma over dei,lat dei levande fara ¬til dødsriket!For vondskap har dei ¬i heim og hug.

17 Men eg vil ropa til Gud,og Herren skal frelsa meg.

18 Både kveld og morgon ¬og midt på dagenmå eg klaga og sukka.Han vil høyra når eg ropar,

19 fria meg frå striden ¬og gje meg fred,endå mange går imot meg.

20 Gud skal høyra meg ¬og audmykja dei,han som frå eldgamal tid ¬sit på trona. SelaFor dei snur ikkje omog har ikkje age for Gud.

21 Fienden legg hand ¬på sine vener,skamlaust bryt han si pakt.

22 Hans tale er sleipare enn smør,men i hjarta ¬tenkjer han på strid.Hans ord er mildare enn olje,likevel er dei ¬som dregne sverd.

23 Kast di bør på Herren,han vil syta for deg!Aldri i æve skal hanla den rettferdige rikkast.

24 Men du, Gud,støyt drapsmenn og svikararned i den djupe grav,så dei berre får helvta ¬av sine dagar.Men eg set mi lit til deg.