1 Ein song til festferdene. Av David. Hadde ikkje Herren ¬vore med oss– så skal Israel seia –
2 hadde ikkje Herren vore meddå menneske reiste seg ¬mot oss,
3 så hadde dei slukt oss levandedå deira vreide loga imot oss;
4 då hadde vatnet rive oss bortog flaumen skylt over oss,
5 då hadde dei veldige ¬vassmengdenekome veltande over oss.
6 Lova vere Herren,som ikkje gav oss til rov ¬for deira tenner!
7 Vi slapp fri som fuglenor fuglefangarens snare.Snara rivna, og vi slapp fri.
8 Vi har vår hjelp ¬i Herrens namn,Han som skapte himmel og jord.