Salmane 86 N78NN

Eg ropar til deg når eg er i naud

1 Ei bøn av David.Vend øyra til og svar meg, ¬Herre,for eg er hjelpelaus og fattig!

2 Vakta meg, for eg held di pakt.Frels din tenar, du min Gud!Eg set mi lit til deg.

3 Ver meg nådig, Herre,for heile dagen ropar eg til deg.

4 Gjer din tenar inderleg glad!Herre, eg lyfter mi sjel til deg.

5 For du er god og tilgjev gjerne,Herre, stor er den miskunndu viser mot alle ¬som kallar på deg.

6 Herre, vend øyra til mi bøn,lyd etter når eg tryglar og bed!

7 Den dag eg er i naud, ¬ropar eg til deg,for du vil bønhøyra meg.

8 Herre, mellom gudar ¬er ingen som du,og ingen gjerningar er ¬som dine.

9 Alle folk som du har skapt,skal koma ¬og bøya seg for deg, Herre,og æra ditt namn.

10 For du er stor, ¬og du gjer under.Einast du er Gud.

11 Herre, lær meg din veg,så eg kan ferdast ¬i di sanning!Gjev meg eit udelt hjarta,så eg kan ottast ditt namn!

12 Eg takkar deg, Herre, ¬av heile mitt hjarta;min Gud, eg vil evig æra ¬ditt namn.

13 For din truskap mot meg ¬er stor,frå det djupe dødsriket ¬har du fria meg ut.

14 Frekke menn ¬reiser seg mot meg, Gud,ein flokk av valdsmenn ¬står meg etter livet.Dei har ikkje deg for auga.

15 Men du, Herre Gud, ¬er mild og nådig,langmodig og rik ¬på miskunn og truskap.

16 Vend deg til meg ¬og ver meg nådig!Gjev din tenar kraft frå deg,og berga son ¬til di tenestkvinne!

17 Gjev meg eit teikn ¬som varslar godt!Lat dei som hatar meg, ¬sjå det og skjemmast!For du, Herre, ¬hjelper og trøystar meg.