Salmane 59 N78NN

Fri meg, Gud, ¬frå mine fiendar!

1 Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam av David, då Saul sende folk som skulle vakta på huset og freista drepa han.

2 Fri meg, Gud, ¬frå mine fiendar,vern meg mot dei ¬som reiser seg mot meg!

3 Fri meg frå folk ¬som fer med vondskap,og frels meg frå drapsmenn!

4 For sjå, dei ligg og lurer ¬på meg,sterke menn går til strid ¬imot meg.Utan at eg har forbrote meg, ¬Herre,

5 utan at eg har synd ¬eller skuld,stormar dei fram ¬og fylkar seg til strid.Vakna, kom til meg og sjå!

6 Herre, Allhærs Gud,du er då Israels Gud.Vakna og krev ¬alle folk til rekneskap,ver ikkje nådig ¬mot trulause nidingar! Sela

7 Dei kjem att kvar kveld;dei hyler som hundarog fer ikring i byen.

8 Høyr, kor dei brukar munn,lippene deira er som sverd.Er det nokon som høyrer?

9 Men du, Herre, ler åt dei,du spottar alle folkeslag.

10 Eg vil akta på deg, ¬min styrke;Gud er mi faste borg.

11 Min Gud møter meg ¬med si miskunn,han lèt meg sjå ¬at mine fiendar fell.

12 Drep dei ikkje,så mitt folk ikkje gløymer det!Bruk makt, ¬så dei må flakka ikring,og støyt dei ned, Herre, ¬du vårt skjold!

13 Kvart ord dei tek i sin munn, ¬er synd.Lat dei fangast ¬i sitt eige hovmodfordi dei fer ¬med forbanning og lygn.

14 Gjer ende på dei i din harme,gjer ende på dei, ¬så dei vert til inkjes.Då skal folket skjønaat det er Gud som rår i Jakob,ja, radt til heimsens ende. Sela

15 Dei kjem att kvar kveld;dei hyler som hundarog fer ikring i byen.

16 Dei flakkar om, vil finna mat,og knurrar ¬når dei ikkje vert mette.

17 Men eg vil syngja om di maktog jubla kvar morgon ¬over din truskap.For meg har du vorte ei borg,ei tilflukt den dag eg er i naud.

18 Eg vil syngja for deg, ¬min styrke;for Gud er mi faste borg,min Gud som viser miskunn.