Salmane 38 N78NN

Bøn i sjukdom og naud

1 Ein Davids-salme. Til påminning.

2 Herre, refs meg ikkje ¬i din vreide,og tukt meg ikkje i din harme!

3 For dine piler har råka meg,di hand ligg tungt på meg.

4 Fordi du straffar i din harme,er ingenting friskt i min kropp;mine lemer er sjuke ¬fordi eg har synda.

5 Mi syndeskuld stig meg ¬over hovudet,ho er som ei bør, ¬for tung for meg.

6 Eg har sår som luktar ¬og renn av verk,fordi eg var så uvitug.

7 Eg er kroket, ja, heilt nedbøygd,og går og syrgjer dagen lang.

8 Mine hofter er fulle av verk,ingenting er friskt i min kropp.

9 Eg er heilt kraftlaus og knekt;eg skrik fordi mitt sinn ¬er i opprør.

10 Herre, du ser ¬kva eg lengtar etter,mitt sukk er ikkje løynt for deg.

11 Mitt hjarta hamrar, ¬krafta sviktar,jamvel ljoset i augo er borte.

12 Mine vener og frendarsnur seg bort frå mi plage,mine næraste held seg ¬langt unna.

13 Dei som står meg etter livet,set snarer for meg;dei som vil meg vondt,talar om å tyna megog tenkjer dagen lang på svik.

14 Men eg er som ein døv, ¬eg høyrer ikkje,lik ein mållaus ¬som ikkje opnar sin munn.

15 Eg liknar ein mann ¬som ikkje høyrerog ikkje har svar i sin munn.

16 Herre, til deg står mi von.Du vil svara meg, ¬Herre, min Gud.

17 Eg tenkjer: Lat dei ikkje ¬triumfera over meg,og ikkje briska seg ¬når foten min er ustø.

18 For eg held på å falla,mi plage står alltid for meg.

19 Men eg sannar mi misgjerningog syrgjer over mi synd.

20 Mine fiendar er fulle ¬av liv og kraft;mange er dei ¬som hatar meg utan grunn.

21 Dei som løner godt med vondt, ¬står meg imot,fordi eg jagar etter det gode.

22 Forlat meg ikkje, Herre!Min Gud, ¬ver ikkje langt borte frå meg!

23 Skunda deg og hjelp meg,Herre, du som er min frelsar!