Salmane 102 N78NN

Herren vil byggja opp att Sion

1 Bøn til bruk for ein lidande, når han er kraftlaus og klagar si naud for Herren.

2 Herre, høyr mi bøn,lat mitt rop nå fram til deg!

3 Løyn ikkje ditt andlet for megden dagen eg er i naud.Vend øyra ditt til meg,skund deg og svar ¬når eg ropar!

4 For mine dagar kverv ¬som røyk,mine lemer brenn som eld.

5 Mitt hjarta er slege ¬og visna som gras,for eg har gløymt ¬å eta mitt brød.

6 Eg sukkar og styn,eg er berre skinn og bein.

7 Eg liknar pelikanen ¬i øydemarka,er vorten som ugla ¬på aude stader.

8 Eg ligg vaken,eg er som ein einsleg fugl ¬på taket.

9 Mine fiendar spottar meg ¬heile dagen,dei som gjer narr av meg,brukar mitt namn ¬til forbanning.

10 Eg må eta oske som brød,eg blandar min drikk ¬med tårer,

11 fordi du er harm ¬og vreid på meg;du har då gripe meg ¬og slengt meg bort.

12 Dagen min hallar, ¬og skuggen lengjest,eg visnar bort som gras.

13 Men du, Herre, ¬tronar til evig tid,ditt minne varer frå ætt til ætt.

14 Du vil reisa deg ¬og miskunna Sion,for no er timen komen,tida då du vil visa nåde.

15 Dine tenarar elskar ¬steinane på Sionog ynkast ¬over grushaugane der.

16 Folkeslag skal ottast ditt namn, ¬Herre,alle kongane på jorda ¬din herlegdom.

17 For Herren vil byggja opp att ¬Sionog syna seg i sin herlegdom.

18 Han lyder etter ¬når armingar bed,og vanvørder ikkje deira bøn.

19 Dette er skrive ¬for komande ætter,eit nyskapt folk ¬skal prisa Herren.

20 For Herren ser ned ¬frå sin heilage høgsal,frå himmelen ¬skodar han ned på jorda.

21 Han vil høyra ¬når fangane sukkar,og løysa dei ¬som er vigde til døden.

22 Så skal Herrens namn ¬forkynnast på Sion,hans lov og pris i Jerusalem,

23 når folkeslag og kongerikesamlar seg og tener Herren.

24 Han har brote mi kraft ¬på vegenog sett ned mitt dagetal.

25 Eg bed: Min Gud, ¬ta meg ikkje bortmidt i mi levetid!Frå ætt til ætt er dine år.

26 Du grunnla jorda i gamal tid,og himmelen ¬er eit verk av dine hender.

27 Dei skal gå til grunne, ¬men du vert verande.Dei skal alle eldast ¬som ein klednad;du skifter dei ut ¬som klede.Dei vert utskifte,

28 men du er den same,dine år tek aldri ende.

29 Borna åt dine tenarar ¬får bu i fred,deira ætt skal stå trygt ¬for ditt åsyn.