Salmane 7 N78NN

Fri meg frå alle som jagar meg!

1 Ein klagesalme som David song for Herren på grunn av den meldinga Kusj frå Benjamin hadde kome med.

2 Herre, min Gud, eg flyr til deg.Frels meg og fri meg ¬frå alle som jagar meg,

3 så dei ikkje, liksom ei løveriv meg sund og dreg meg bort– utan at nokon bergar.

4 Herre, min Gud, har eg fare såat det er urett i mine hender,

5 har eg gjort vondt mot min venog rana min motstandar ¬utan grunn,

6 så lat fienden jaga og nå meg,trakka meg levande til jordaog kasta mi ære i støvet. Sela

7 Reis deg, Herre, i din vreide,stå opp mot dei ¬som rasar imot meg!Vakna, min Gud, ¬du som stemner til doms.

8 Lat skaren av folkeslag ¬samlast ikring deg,og ta ditt sete høgt over dei!

9 Herre, du som dømer folka,hjelp meg til min rett,for eg er rettvis og heil i mi ferd.

10 Gjer ende på vondskapen ¬åt dei gudlause,men lat den rettferdige ¬verta ståande!Du som prøver hjarto ¬og nyrer,du er ein rettferdig Gud.

11 Gud er mitt vernande skjold,han frelser dei ærlege av hjarta.

12 Gud er ein rettferdig domar,ein Gud ¬som feller dom kvar dag.

13 Sanneleg, ¬fienden kvesser atter sverdet,spenner bogen og siktar.

14 Men sjølv vert han råka ¬av dei drepande våpenog dei brennande piler ¬han steller til.

15 Sjå, han er svanger ¬med vondskap,har avla udåd og føder svik.

16 Han har grave eit hol ¬og gjort det djupt,men sjølv fell han ned ¬i den grava han grov.

17 Den udåden han har tenkt ut,kjem over hans eige hovud,valdsferda råkar ¬hans eigen skalle.

18 Eg prisar Herren ¬for hans rettferdog lovsyng namnet åt Herren, ¬Den Høgste.