Salmane 77 N78NN

Eg tenkjer på gamle dagar

1 Til korleiaren. Etter Jedutun.Ein Asaf-salme.

2 Eg ropar til Gud,ja, eg ropar til Gud, ¬og han høyrer meg.

3 Den dagen eg er i naud, ¬søkjer eg Herren.Om natta retter eg ut mi hand,og ho trøytnar ikkje.Mi sjel lèt seg ikkje trøysta.

4 Eg tenkjer på Gud og sukkar;eg gruvlar ¬og kjenner meg kraftlaus. Sela

5 Heile natta held du meg vaken;eg er så uroleg, ¬eg kan ikkje tala.

6 Eg tenkjer på gamle dagarog minnest framfarne år.

7 Om natta strevar eg ¬med tankar,eg gruvlar, mi ånd granskar.

8 Vil Herren støyta oss bort ¬for alltidog aldri visa sin godvilje meir?

9 Er hans truskap for evig slutt,har ordet hans stilna ¬for alle ætter?

10 Kan Gud ha gløymt ¬å vera nådig,er han vreid ¬og held att si miskunn? Sela

11 Eg seier: «Det piner megat Den Høgste har drege til seg ¬si hand.

12 Eg minnest Herrens ¬gjerningar,minnest dei under ¬du gjorde før.

13 Eg tenkjer på kvar dåd ¬du gjorde,og grundar på dine storverk.

14 Gud, i heilagdom går du fram.Kvar er ein gud ¬så stor som Herren?

15 Du er den Gud som gjer under,mellom folka har du synt ¬di kraft.

16 Med velde løyste du ut ¬ditt folk,sønene åt Jakob og Josef. Sela

17 Vatnet såg deg, Gud;vatnet såg deg og skalv,ja, havdjupet skalv av redsle.

18 Regnet strøymde frå skyene,tora dunde ¬frå skykledd himmel,og lyna fór av stad som piler.

19 Du lét tora rulla som vognhjul,lyna lyste opp jordkrinsen;jorda riste og skalv.

20 Din veg ¬gjekk midt gjennom sjøen,din stig gjennom veldig vatn;men ingen kjende dine fotspor.

21 Du førte ditt folk som ei hjordved handa åt Moses og Aron.