1 Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!»Ein Asaf-salme. Ein song.
2 Gud, vi prisar og takkar deg.Ditt namn er nær hjå deisom fortel om dine under.
3 «På den tid eg har fastsett,skal eg halda rettferdig dom.
4 Jorda og alle som bur der, ¬kan rikkast,men eg har gjort ¬hennar søyler faste.» Sela
5 Eg sa til dårane: ¬«Ver ikkje dumme!»og til dei gudlause: ¬«Ver ikkje stolte!
6 Briska dykk ikkje ¬av dykkar makt,gjer ikkje nakken bratt ¬og talen frekk!»
7 For det kjem inga oppreising ¬frå aust eller vestog heller ikkje frå øydemarka.
8 Nei, det er Gud som dømer.Éin bøyer han ned, ¬og éin reiser han opp.
9 Herren har eit staup i si handmed skummande, krydda vin.Han skjenkjer i av vinen,og alle vonde på jorda ¬må drikka,jamvel botnfallet må dei tøma.
10 Men eg vil alltid fortelja ¬om detteog spela og syngja ¬for Jakobs Gud.
11 «Eg tek makta ¬frå alle dei gudlause,men dei rettferdige ¬skal få stor kraft.»