1 Lat ikkje oss få ære, Herre,ikkje oss, ¬men ditt heilage namn!For du er god og trufast.
2 Kvifor skal folkeslaga seia:«Kvar er no deira Gud?»
3 Vår Gud er i himmelen,alt han vil, det gjer han.
4 Deira gudebilete ¬er laga av sølv og gull;dei er eit verk ¬av menneskehender.
5 Dei har munn, ¬men kan ikkje tala,dei har augo, ¬men kan ikkje sjå.
6 Dei har øyro, ¬men kan ikkje høyra,dei har nase, ¬men kan ikkje lukta.
7 Dei kan ikkje gripa ¬med sine henderog kan ikkje gå med ¬sine føter;dei har ikkje mål i strupen.
8 Såleis vert dei som lagar dei òg,og alle som set si lit til dei.
9 Israel, set di lit til Herren!Han er deira hjelp og skjold.
10 Arons ætt, set di lit ¬til Herren!Han er deira hjelp og skjold.
11 De som ottast Herren, ¬lit på han!Han er deira hjelp og skjold.
12 Herren kjem oss i hug ¬og velsignar oss.Han velsignar Israels ætt,han velsignar Arons ætt.
13 Han velsignar ¬dei som ottast han,dei små med dei store.
14 Gjev Herren må la dykk ¬auka i tal,både dykk og borna dykkar!
15 Velsigna vere de av Herren,han som skapte himmel ¬og jord!
16 Himmelen er Herrens himmel,men jorda gav han ¬til menneska.
17 Dei døde prisar ikkje Herren,det gjer ingen ¬som stig ned i stilla.
18 Men vi skal lova Herrenfrå no og til evig tid.Halleluja!