1 Til korleiaren. Av David. Dåren seier i sitt hjarta:«Det er ingen Gud.»Vonde og stygge ¬er deira gjerningar,det finst ikkje ein som gjer godt.
2 Frå himmelen skodar Herrenned på menneska.Han vil sjå ¬om det finst nokon vitug,nokon som søkjer Gud.
3 Alle er komne på avveg,alle er dei vonde.Det finst ikkje éin ¬som gjer godt,ikkje ein einaste.
4 Skjønar dei då ingen ting,desse ugjerningsmennene?Dei sluker mitt folk,som ein et opp brød,og kallar ikkje på Herren.
5 Men dei skal skjelva av redsle,for Gud er med ¬den rettferdige ætt.
6 Gjer berre stakkarens plan ¬til skammar!Hjå Herren finn han livd.
7 Å, gjev det må komafrelse for Israel frå Sion!Når Herren vender lagnaden ¬for sitt folk,skal Jakob jubla ¬og Israel gleda seg.