1 Til korleiaren. Ein Davids-salme.
2 Gjev Herren må bønhøyra deg ¬på trengselsdagen,Jakobs Gud verna deg!
3 Gjev han må senda deg hjelp ¬frå heilagdomenog gje deg støtte frå Sion!
4 Gjev han må minnast ¬alle dine offergåverog ta imot ditt brennoffer, Sela
5 gje deg det ditt hjarta ynskjerog la alle dine planar lukkast.
6 Så vil vi jubla over di frelseog lyfta banneret ¬i vår Guds namn.Herren oppfylle alle dine bøner!
7 No veit eg at Herren gjev siger ¬til den han har salva,og svarar han ¬frå sin heilage himmel;med si høgre hand ¬gjer han storverk til frelse.
8 Andre lit på vogner og hestar,men vi prisar namnet ¬åt Herren vår Gud.
9 Dei andre sig i kne og fell,men vi står og held ut.
10 Herre, gjev kongen siger!Svar oss den dagen vi ropar!