1 Ein Davids-salme.Jorda og det som fyller henne,verda og dei som bur der,alt høyrer Herren til.
2 For han har grunnlagt henne ¬på hav,grunnfest henne ¬på strøymande vatn.
3 «Kven kan stiga opp ¬til Herrens fjell,kven får stå ¬på hans heilage stad?»
4 «Den som har skuldfrie henderog eit reint hjarta,den som ikkje fer med svikog ikkje gjer rang eid,
5 han får velsigning frå Herrenog rettferd frå Gud, sin frelsar.»
6 «Her er det folk ¬som spør etter Herren,som søkjer ditt åsyn, ¬Jakobs Gud.» Sela
7 «Lyft dykkar hovud, de portar,ja, lyft dykk, de eldgamle dører,så kongen, den herlege, ¬kan dra inn!»
8 «Kven er kongen, den herlege?»«Det er Herren, ¬sterk og mektig,Herren, den sterke i strid.»
9 «Lyft dykkar hovud, de portar,ja, lyft dykk, de eldgamle dører,så kongen, den herlege, ¬kan dra inn!»
10 «Kven er kongen, den herlege?»«Det er Herren, Allhærs Gud.Han er kongen, ¬den herlege.» Sela