1 Til korleiaren. Av Korah-songarane.Etter Alamot. Ein song.
2 Gud er vår tilflukt ¬og vår styrke,han har hjelpt oss ¬i alle trengsler.
3 Difor reddast vi ikkje ¬om jorda skjek,om fjella ragar i havsens djup,
4 om bylgjene bryt og brusar,og fjella skjelv ¬i opprørt hav. Sela
5 Ei elv med fleire greiner ¬skaper glede i Guds by,der Den Høgste ¬har sin heilage bustad.
6 Han kan ikkje rikkast, ¬for Gud er der.Gud hjelper han ¬når morgonen renn.
7 Folkeslag brusa, rike vart rikka,røysta hans ljoma, ¬og jorda skalv.
8 Herren, Allhærs Gud, ¬er med oss,Jakobs Gud ¬er vår faste borg. Sela
9 Kom og sjå ¬kva Herren har gjort,han som gjer skræmande ting ¬på jorda!
10 Han gjer ende på krig ¬over heile jorda,bryt bogane sund, ¬høgg spyda avog set eld på vognene.
11 Hald opp ¬og skjøn at eg er Gud!Eg er opphøgd over folkeslaga,opphøgd på jorda.
12 Herren, Allhærs Gud, ¬er med oss,Jakobs Gud ¬er vår faste borg. Sela