1 Den som sit i livd ¬hjå Den Høgsteog bur i skuggen ¬av Den Allmektige,
2 han seier til Herren: ¬«Mi livd og borg,min Gud som eg set mi lit til!»
3 Ja, han bergar deg ¬frå jegerens snare,frå pest som tyner.
4 Med sine fjører løyner han deg,under hans venger finn ¬du livd.Hans truskap er skjold og vern.
5 Du skal ikkje reddast ¬for skræmsler om natta,for piler som flyg om dagen,
6 for pest som snikjer seg ¬fram i mørkret,for sott som herjar ¬middagstider.
7 Om tusen fell ved di side,ti tusen ved di høgre hand,så skal ikkje ulukka nå deg.
8 Du skal berre vera vitne til detog sjå at dei gudlause får si løn.
9 For du seier: ¬«Herren er mi livd.»Den Høgste har du gjort ¬til din bustad.
10 Inkje vondt skal koma over degog inga plage nå ditt telt.
11 For han skal gje ¬sine englar påbodat dei skal verna deg ¬på alle dine vegar.
12 Dei skal bera deg på hendene,så du ikkje støyter foten ¬på nokon stein.
13 På løve og orm skal du trakka,ungløve og orm ¬skal du trø under fot.
14 «Eg bergar han, ¬for han held seg til meg;eg gjev han livd, ¬for han kjenner mitt namn.
15 Når han kallar på meg, ¬svarar eg;eg er med han i naud ¬og trengsle,eg friar han ut og gjev han ære.
16 Eg mettar han ¬med mange dagarog lèt han sjå mi frelse.»