Salmane 31 N78NN

I dine hender ¬gjev eg mi ånd

1 Til korleiaren. Ein Davids-salme.

2 Herre, eg flyr til deg,lat meg aldri verta til skammar!Frels meg i di rettferd!

3 Vend øyra til og høyr meg,skunda deg og fri meg ut! Ver eit fjell der eg finn vern,ei festning til mi frelse!

4 Du er då mitt berg og mi borg;for ditt namn skuld ¬fører og leier du meg.

5 Løys meg or garnet ¬dei sette for meg!For du er mitt vern.

6 I dine hender gjev eg mi ånd;du løyser meg ut,Herre, du trufaste Gud.

7 Eg hatar dei som dyrkarfalske og kraftlause gudar.Til Herren set eg mi lit.

8 Eg vil gleda og fagna megover din truskap,for du har sett mi naudog teke deg av meg ¬i mi trengsle.

9 Du gav meg ikkje i fiendehand,men lét meg ferdast i ope lende.

10 Ver meg nådig, Herre,for eg er i naud.Mitt auga sløvest av bitter sorg,ja, mi sjel og min lekam òg.

11 Livet mitt kverv i sut,åra går med sukk.Min styrke sviktar ¬på grunn av mi skuld,og beina i kroppen veiknar.

12 Eg vert til spott ¬for mine fiendar,til hån for alle mine grannar.For dei som kjenner meg, ¬er eg ei gru,på gata går folk ¬av vegen for meg.

13 Som ein død er eg gløymd ¬og ute or tankar,eg er som eit sundslege kjerald.

14 Eg høyrer mange som kviskrar– å, redsle på alle kantar! –når dei samrår seg mot megog tenkjer på å ta mitt liv.

15 Men eg set mi lit til deg, Herre;eg seier: «Du er min Gud.»

16 I di hand er mine tider;fri meg frå fiendar ¬som jagar meg!

17 Lat ditt andlet lysa ¬over din tenar,frels meg i din truskap!

18 Lat meg ikkje verta ¬til skammar, Herre,for eg ropar til deg! Lat dei gudlause verta ¬til skammarog tagale fara til dødsriket!

19 Lat lygnlippene ¬verta mållause,dei som med hovmod ¬og vanvørdnadtalar frekt mot dei rettvise.

20 Herre, kor mykje godtdu har etla dei som ottast deg,og vist mot dei som flyr til degmidt for augo på menneska.

21 Du løyner dei i livd av ditt åsynfor menneske ¬som fer med svik og list;du gøymer dei i di hyttemot åtak av vonde tunger.

22 Lova vere Herren, ¬som på underfull vissynte meg truskap ¬i ein kringsett by.

23 Eg tenkte i min angst:«Eg er bortstøytt frå dine augo.»Men du høyrde ¬mi inderlege bøn,då eg ropa til deg om hjelp.

24 Elska Herren, alle hans trugne!Herren vernar dei trufaste,men dei som fer fram i hovmod,gjev han att i fullt mål.

25 Ver sterke og frimodige,alle de som ventar på Herren!