1 Til korleiaren. Av David.Til påminning.
2 Gud, kom og fri meg ut!Herre, skund deg og ¬hjelp meg!
3 Lat dei som står meg etter livet,verta til spott og spe! Lat dei som ynskjer ulukke ¬over meg,dra seg tilbake med vanære!
4 Dei som ropar spottord,skal snu om med skam.
5 Men lat alle som søkjer deg,fryda og gleda seg i deg!Lat dei som elskar di frelse,alltid få seia: «Stor er Gud!»
6 Eg er hjelpelaus og fattig.Skunda deg til meg, Gud!Du er min hjelpar ¬og bergingsmann,dryg ikkje lenger, Herre!