1 Halleluja!Ja, det er godt å prisa vår Gud,det sømer seg ¬med fager lovsong.
2 Herren byggjer Jerusalemog samlar Israels spreidde folk.
3 Han lækjer dei ¬som har eit sundbrote hjarta,og fetlar deira verkjande sår.
4 Han fastset talet på stjerneneog gjev dei alle namn.
5 Stor er vår Herre ¬og rik på kraft,hans skjøn er utan grense.
6 Han held dei hjelpelause oppe,og bøyer dei vonde til jorda.
7 Syng takkesong for Herren,spel på lyra for vår Gud!
8 Han breier skyer ¬over himmelen,syter for regn til jordaog lèt graset gro på åsane.
9 Herren gjev føde til dyra,til ramnungar som ropar.
10 Han bryr seg ikkje ¬om hestens styrkeog har ikkje hugnad ¬i snarføtt mann.
11 Herren har hugnad i dei ¬som ottast hanog ventar på hans miskunn.
12 Lovpris Herren, Jerusalem,syng lovsong, Sion, ¬for din Gud!
13 Han gjer dine portbommar ¬sterkeog velsignar dine born.
14 Han gjev lukke og fred ¬i ditt landog mettar deg ¬med den beste kveiten.
15 Han sender sitt ord til jorda,ovsnøgt spring hans ord.
16 Han lèt snøen falla som ull,strøyer ut rimet som støv.
17 Han kastar sitt hagl ¬som smular;kven kan stå seg ¬for hans kulde?
18 Han sender sitt ord ¬og smeltar snøen,lèt vinden blåsa ¬så vatnet renn.
19 Han forkynte sitt ord for Jakob,sine føresegner og domar ¬for Israel.
20 Det har han ikkje gjort ¬for andre folk,dei kjenner ikkje hans domar.Halleluja!