1 Av Korah-songarane. Ein salme.Ein song.Byen er grunnlagd ¬på heilage fjell.
2 Herren elskar Sionmest av alle Jakobs bustader.
3 Herlege ting er sagde om deg,du Guds by. Sela
4 Eg reknar Egypt og Babyloniamellom dei som kjenner meg.Om dei som bur i Filistarland, ¬Tyrus og Nubia,heiter det: «Dei er fødde der.»
5 Men om Sion skal det seiast:«Der er alle fødde.»Den Høgste sjølv ¬har grunnfest byen.
6 Når Herren skriv opp folka,tel han og seier:«Her er denne fødd.» Sela
7 Så syng dei og dansar og seier:«Alle mine kjelder er i deg.»