1 Ein song til festferdene. Frå djupet ropar eg til deg, ¬Herre.
2 Herre, høyr mi røyst!Vend øyra til og høyrnår eg tryglar og bed.
3 Dersom du vil gøyma ¬på syndeskuld, Herre,kven kan då verta ståande?
4 Men hjå deg er tilgjeving;difor må vi ottast deg.
5 Eg ventar, ja vonar på Herren,eg ventar på hans ord.
6 Eg stundar etter Herrenmeir enn vaktmenn ¬etter morgonen,vaktmenn etter morgonen.
7 Venta på Herren, Israel!For hjå Herren er miskunn,hjå han er full utløysing.
8 Herren skal løysa ut Israelfrå alle deira synder.