9 Mine fiendar spottar meg ¬heile dagen,dei som gjer narr av meg,brukar mitt namn ¬til forbanning.
10 Eg må eta oske som brød,eg blandar min drikk ¬med tårer,
11 fordi du er harm ¬og vreid på meg;du har då gripe meg ¬og slengt meg bort.
12 Dagen min hallar, ¬og skuggen lengjest,eg visnar bort som gras.
13 Men du, Herre, ¬tronar til evig tid,ditt minne varer frå ætt til ætt.
14 Du vil reisa deg ¬og miskunna Sion,for no er timen komen,tida då du vil visa nåde.
15 Dine tenarar elskar ¬steinane på Sionog ynkast ¬over grushaugane der.