11 Dei gjev vatn ¬til alle villdyr på marka,der sløkkjer villesla sin torste.
12 Der har fuglane ¬under himmelen reir,dei syng mellom greinene.
13 Du vatnar fjella frå din høgsal,og jorda fyllest ¬med grøda du gjev.
14 Gras lèt du gro for dyra,og for menneska vokstrar ¬som dei kan dyrka.Slik lèt du brødet koma ¬frå jorda
15 – og vinen som gjer ¬menneske glade.Du lèt andletet skina av olje,og gjev brød ¬som styrkjer mennesket.
16 Herrens tre får sløkkja torsten,sedrane på Libanon, ¬som han har planta.
17 I dei byggjer fuglane reir,i sypressen har storken ¬sitt hus.