7 Men det flydde ¬for ditt trugsmål,laut røma for ditt toremål.
8 Det steig over fjell ¬og seig ned i dalar,til staden du hadde fastsett ¬for det.
9 Du sette ei grense ¬det ikkje går over,det skal ikkje gøyma ¬jorda meir.
10 Du lèt kjelder strøyma fram ¬i dalane,bekker renn mellom fjella.
11 Dei gjev vatn ¬til alle villdyr på marka,der sløkkjer villesla sin torste.
12 Der har fuglane ¬under himmelen reir,dei syng mellom greinene.
13 Du vatnar fjella frå din høgsal,og jorda fyllest ¬med grøda du gjev.