1 Til korleiaren. Av David.Til Herren flyr eg.Korleis kan de seia til meg:«Fly til fjells som ein fugl!
2 For sjå, ¬dei vonde spenner bogenog legg si pil på strengen;i mørkret vil dei skytapå dei som er ærlege av hjarta.
3 Når grunnvollen vert riven bort,kva kan då ¬den rettferdige gjera?»
4 Herren er i sitt heilage tempel,i himmelen har han ¬sin kongsstol.Hans augo skodar utover,han prøver menneska ¬med sitt blikk.
5 Herren ransakar ¬rettferdige og gudlause,han hatar dei som elskar vald.
6 Over dei vonde ¬lèt han det regnagloande kol og svovel,gloheit vind er den luten dei får.