11 Dei var ikring meg ¬på alle kantar;eg heldt dei frå livet ¬i Herrens namn.
12 Dei var ikring meg som bier.Dei slokna som eld i klunger;eg heldt dei frå livet ¬i Herrens namn.
13 Dei støytte meg hardt, ¬eg heldt på å falla,men Herren kom meg til hjelp.
14 Herren er mi kraft ¬og min styrke,og han har vorte mi berging.
15 Høyr, jubel og sigersrop lyderi telta åt dei rettferdige!Herrens høgre hand ¬gjer storverk,
16 Herrens hand reiser opp.Herrens høgre hand ¬gjer storverk.
17 Eg skal ikkje døy, men levaog fortelja ¬om Herrens gjerningar.