18 Hardt har Herren tukta meg,men han lét meg ikkje døy.
19 Lat rettferdsporten opp ¬for meg,eg vil gå inn og prisa Herren!
20 Her er Herrens port,gjennom den ¬går dei rettferdige inn.
21 Eg takkar deg ¬fordi du svara meg,fordi du vart mi berging.
22 Den steinen ¬bygningsmennene vraka,har vorte hjørnestein.
23 Det er Herrens eige verk,underfullt er det i våre augo.
24 Dette er dagen ¬som Herren har gjort;lat oss jubla og gleda oss no!