14 Herren torna i himmelen,Den Høgste lét røysta si lydagjennom hagl og gloande kol.
15 Han skaut sine piler ¬og spreidde mine fiendar,med lyn i mengd ¬skræmde han dei.
16 Rennene på havbotnen ¬kom til synes,grunnvollane under jorda ¬viste segdå du truga, Herre,ja, bles og fnyste av vreide.
17 Han rette ut si hand ¬frå det høge og greip meg,drog meg opp ¬or det djupe vatnet.
18 Han berga meg ¬frå min mektige fiende,frå motstandarar ¬som var meg for sterke.
19 Dei gjekk imot meg ¬på ulukkedagen,men Herren var ei støtte ¬for meg.
20 Han førte meg ut i ope lendeog fria meg ut, ¬for han har meg kjær.