1 Av David.Herre, hjelp meg ¬til min rett!For eg har vore heil i mi ferd.Eg lit på Herren ¬og er ikkje ustø.
2 Prøv meg, Herre, ¬gransk meg nøye,prøv hjarta og nyrer ¬som med eld!
3 Eg har hatt din truskap for augaog har ferdast i di sanning.
4 Eg sit ikkje saman med svikararog held ikkje lag ¬med falske folk.
5 Eg hatar samvære ¬med ugjerningsmenn,hjå gudlause sit eg ikkje.
6 Eg vaskar mine hender ¬i uskyld.Eg går ikring ditt altar, Herre,
7 medan eg lèt takkesongen lydaog fortel om alle dine under.