5 Han ligg og tenkjer ut ¬vondskap.Han slår inn på ein veg ¬som ikkje er god,og viser ikkje det vonde frå seg.
6 Herre, til himmelen ¬når di miskunn,til skyene rekk din truskap.
7 Di rettferd er som mektige fjell,som det store havdjup ¬er dine domar.Du bergar menneske og dyr.
8 Herre, kor dyrverdig ¬di miskunn er! I skuggen av dine venger, Gud,søkjer menneskeborna livd.
9 Dei får eta seg mette ¬av det beste i ditt hus,du lèt dei drikka ¬or gledebekken din.
10 For hjå deg er livsens kjelde,i ditt ljos ser vi ljos.
11 Lat di miskunn varafor dei som kjenner deg,og di rettferd ¬for dei ærlege av hjarta.