22 Dei Herren velsignar, ¬skal arva landet,men dei han forbannar, ¬skal rydjast ut.
23 Herren gjer mannens steg fastenår han likar hans ferd.
24 Om han snåvar, ¬fell han ikkje til jorda;for Herren stør hans hand.
25 Ung har eg vore, ¬og no er eg gamal,men aldri har eg sett ¬ein rettferdig forlateneller hans born be om brød.
26 Han er alltid miskunnsam ¬og låner ut,og hans etterkomarar ¬vert til velsigning.
27 Hald deg frå det vonde ¬og gjer det gode,så skal du for alltid bu trygt.
28 For Herren elskar ¬det som er rett,han forlèt ikkje sine trugne.Dei vert haldne oppe ¬til evig tid,men ætta åt dei gudlause ¬vert utrudd.