1 Til korleiaren. For Jedutun.Ein Davids-salme.
2 Eg tenkte: «Eg vil ta meg i vare,så eg ikkje syndar med tunga,eg vil tøyma min munnså lenge dei gudlause ser meg.»
3 Så vart eg mållaus og still,eg tagde ¬og hadde det ikkje godt.Mi liding var hard,
4 eg vart heit om hjarta;eg stunde, og det brann som eld.Då tok eg til ords og sa:
5 «Lær meg, Herre, ¬å kjenna min utgang,mine tilmælte dagar, ¬kor få dei er,så eg kan skjøna ¬kor forgjengeleg eg er.»
6 Sjå, dei dagar du gjev meg, er få,mi levetid er ingen ting for deg.Ja, alle menneske ¬er som ein pust, Sela
7 som ein skugge går dei sin veg.Dei strevar og styn ¬til inga nytte,dei samlar, men veit ikkje ¬kven som får det.