7 Og kjem det ein og ser til meg,talar han falske ord.Hans hjarta samlar på det ¬som er vondt,og så går han ut ¬og snakkar om det.
8 Alle som har lagt meg for hat,kviskrar saman om meg,dei legg vonde planar ¬mot meg:
9 «Noko uhyggjeleg ¬har hendt han;no ligg han der ¬og står aldri meir opp.»
10 Jamvel venen min ¬som eg leit på,han som åt ved mitt bord,lyfter hælen mot meg.
11 Men, Herre, ver du meg nådig,hjelp meg opp, ¬så eg kan gje dei att.
12 Min fiende får ikkje ¬triumfera over meg;difor veit eg at du ¬har meg kjær.
13 Ja, du held meg oppe,for eg er heil i mi ferd;du lèt meg alltid ¬stå for ditt åsyn. *