4 Du tenkjer berre ¬på å øydeleggja,tunga di er som ein kvass kniv,du som fer med svik.
5 Du elskar det vonde ¬meir enn det godeog lygna ¬meir enn sannferdig tale. Sela
6 Du elskar kvart ord ¬som gjer rådlaus,du som har svik på tunga.
7 Difor skal Gud slå deg ned ¬for alltid,knusa deg ¬og dra deg ut or ditt telt;han skal rykkja deg opp ¬or landet åt dei levande. Sela
8 Dei rettferdige skal sjå det ¬og ottast;dei skal le åt han og seia:
9 «Sjå, der er den mannensom ikkje søkte livd ¬hjå Gud,men sette si lit ¬til sin store rikdomog bruka sin styrke ¬til å øydeleggja.»
10 Men eg er som eit oliventre,grønt og frodig i Guds hus.Evig og alltid set eg mi littil Guds truskap.