5 Dei har gift i seg liksom ormen,dei er døve som ein orm ¬når han lèt att øyra
6 og ikkje vil høyra ¬på ormetemjaren,eller på den ¬som kan kunsten å mana.
7 Gud, slå tennene ut ¬or deira munn,bryt tanngarden sund ¬på løvene, Herre!
8 Lat dei kverva ¬som rennande vatn!Lat dei berre spenna bogen– pilene er utan kraft.
9 Lat dei verta lik snigelensom løysest opp i slim ¬der han kryp,lik det ufullborne fostersom aldri såg sola.
10 Enno før grytene deirakjenner varmen ¬frå klungerriset,føykjest dei bort,anten kjøtet er rått eller kokt.
11 Men den rettferdige ¬skal gleda segnår han ser at han får hemn.Han skal vaska sine føteri blodet av dei gudlause.