3 Du har støytt oss bort, Gud, ¬og slege oss.Du var harm, ¬men reis oss opp att!
4 Du lét landet skjelva og rivna.Bøt no brestene! ¬Det står for fall.
5 Du lét folket ditt lida hardt,og gav oss ein vin så vi tumla.
6 Men for dei som ottast deg,har du reist ei fane;dit kan dei røma for bogen. Sela
7 Hjelp oss med di høgre hand,svar oss, ¬så dine kjære vert berga.
8 Gud har tala i sin heilagdom:«Med jubel ¬vil eg skifta ut Sikemog mæla opp Sukkot-dalen.
9 Meg høyrer Gilead ¬og Manasse til,Efraim er hjelmen ¬på mitt hovud,og Juda er min styrarstav.