7 Einast han ¬er mitt fjell og mi frelse;han er mi borg, ¬eg skal ikkje rikkast.
8 Mi frelse og mi ærehar sin grunn i Gud.Han er mitt faste fjell,eg flyr til han.
9 Lit alltid på Gud, de folk,renn ut for han ¬det som fyller hjarta!Gud er ei livd for oss. Sela
10 Menneske er som ein pust,menneskeborn sviktar;på vektskåla vippar dei opp,dei er alle lettare enn luft.
11 Set ikkje lit til valdeller fåfengd von til rov!Om rikdomen aukar,så lat ikkje det fanga din hug!
12 Éin gong har Gud tala til meg,ja, to gonger har eg høyrtat det er Gud ¬som har makta,
13 og at du er trufast, Herre.For du løner kvar og einetter det han har gjort.