1 Ein læresalme av Asaf.Gud, kvifor har du støytt oss ¬bort for alltid?Kvifor ryk din vreide ¬mot den hjord du gjæter?
2 Kom i hug det folkdu vann deg i gamal tid,di eiga ætt som du fria ut.Tenk på Sion-fjellet, ¬der du har din bustad.
3 Stig opp til dei gamle ruinar!I heilagdomen ¬har fienden øydelagt alt.
4 I huset der folket ditt samlast,lydde brølet ¬frå dine motstandarar;der sette dei sine faner ¬som sigersteikn.
5 Det var eit synsom når ein lyfter ¬øksar i tjukke skogen.
6 Så slo dei sund ¬all treskurden dermed bile og brekkjern.
7 Dei sette eld på din heilagdom,heilt til grunnen vanhelga deistaden der ditt namn bur.