10 Kor lenge, Gud, ¬skal dei driva sin spott,dei som står deg imot?Skal fienden for alltidfå vanvørda ditt namn?
11 Kvifor held du handa di att?Ta di høgre hand frå barmen,og gjer slutt på dette!
12 Men du, Gud, ¬er min konge frå gamal tid,du som gjer frelsesverk ¬på jorda.
13 Du kløyvde havet i ditt veldeog krasa hovuda ¬åt drakane i vatnet.
14 Du slo sund hovuda ¬åt Leviatanog gav dei til føde ¬for dyra i øydemarka.
15 Kjelde og bekk ¬lét du strøyma fram,du turka ut elvar ¬som alltid har vatn.
16 Din er dagen, og di er natta;du sette sol og måne ¬på plass.