11 Kvifor held du handa di att?Ta di høgre hand frå barmen,og gjer slutt på dette!
12 Men du, Gud, ¬er min konge frå gamal tid,du som gjer frelsesverk ¬på jorda.
13 Du kløyvde havet i ditt veldeog krasa hovuda ¬åt drakane i vatnet.
14 Du slo sund hovuda ¬åt Leviatanog gav dei til føde ¬for dyra i øydemarka.
15 Kjelde og bekk ¬lét du strøyma fram,du turka ut elvar ¬som alltid har vatn.
16 Din er dagen, og di er natta;du sette sol og måne ¬på plass.
17 Du fastsette alle grenser ¬på jorda,sommar og vinter ¬er det du som har skapt.