2 Dei har gjeve lika ¬av dine tenarartil føde for fuglane ¬under himmelen,og kjøtet av dine trugnetil villdyra på marka.
3 Dei har rent ut deira blod ¬som vatnrundt ikring Jerusalem,og det er ingen ¬som gravlegg dei.
4 Vi har vorte til hån ¬for grannane våre,til spott og spe ¬for folka ikring oss.
5 Kor lenge, Herre?Vil du vera harm for alltid?Kor lenge skal din iver ¬brenna som eld?
6 Renn din vreide ut ¬over framande folk,som ikkje kjenner deg,renn han ut over kongerike,der ingen kallar på ditt namn.
7 For dei har gjort ende på Jakobog lagt hans bustad i øyde.
8 Tilrekna oss ikkje dei syndersom våre fedrar gjorde.Skunda deg og møt oss ¬med di miskunn!For no er det ille med oss!