4 Vi har vorte til hån ¬for grannane våre,til spott og spe ¬for folka ikring oss.
5 Kor lenge, Herre?Vil du vera harm for alltid?Kor lenge skal din iver ¬brenna som eld?
6 Renn din vreide ut ¬over framande folk,som ikkje kjenner deg,renn han ut over kongerike,der ingen kallar på ditt namn.
7 For dei har gjort ende på Jakobog lagt hans bustad i øyde.
8 Tilrekna oss ikkje dei syndersom våre fedrar gjorde.Skunda deg og møt oss ¬med di miskunn!For no er det ille med oss!
9 Hjelp oss, Gud,du som er vår frelsar,så ditt namn kan verta æra.Fri oss ut for ditt namn skuld,og tilgjev våre synder!
10 Kvifor skal folka seia:«Kvar er deira Gud?»Gjer det kjent mellom folka,og lat oss få sjå at du tek hemnfor det utrende blodet ¬av dine tenarar.