3 For sjå, dine fiendar er ¬i opprør,dei som hatar deg, ¬lyfter hovudet.
4 Dei legg lumske planar ¬mot ditt folk,dei held samråd ¬mot dei du vernar:
5 «Kom, lat oss sletta dei ut ¬som folk,så ingen meir ¬kjem Israels namn i hug!»
6 Dei held råd og vert samde,så gjer dei samband mot deg:
7 dei som bur i Edoms ¬og Ismaels telt,moabittane og hagrittane,
8 Gebal, Ammon og Amalek,filistarane og dei som bur ¬i Tyrus;
9 jamvel Assur går i lag med deiog låner sin arm ¬til Lots søner. Sela